Dei mellomtyske målføra har drag sams med både lågtysk og høgtysk. Luxemburgsk Af 'ape', bäissen 'bite' og Baach 'bekk' viser den høgtyske lydforskyvinga, der urgermansk p, t, k blei til [f, s, x], nett som i (standard) tysk Affe 'ape', beißen 'bite' og Bach 'bekk', medan lågtysk har halde ved lag dei urgermanske konsonantane: Aap 'ape', bieten 'bite' og Beek 'bekk'. Men endringa frå urgermansk d til høgtysk t, som (standard) tysk Tag 'dag', Tier 'dyr' og Tür 'dør', har ikkje skjedd i luxemburgsk, som har Dag 'dag', Déier 'dyr' og Dir 'dør' med d, på same måten som lågtysk Dag 'dag', Deert 'dyr' og Döör 'dør'.
Sidan luxemburgsk blir talt i eit land der mellom anna også fransk er offisielt språk, har det ein god del lånord frå dette språket:
-
Zossiss, 'pølse', frå fransk saucisse
-
Prisong, 'fengsel', frå fransk prison
-
Wallis, 'koffert', frå fransk valise
-
Pompjeeën, 'brannvern', frå fransk pompiers
-
merci, 'takk', frå fransk merci
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.