Energi går tapt for kvart ledd i næringskjeda. Ein produsent, som for eksempel eit tre, får energien sin frå sola. Konsumentar et produsentane. Den som et produsenten direkte er ein primærkonsument. For eksempel kan ein fugl ete frukta frå treet. Ein som et ein primærkonsument kallar ein for sekundærkonsument og så vidare.
Det gjer at berre ein brøkdel av det som blir produsert, når heilt opp til ein sekundær- eller tertiærkonsument. Ikkje alt som blir produsert, blir ete og dimed teke opp i neste ledd. Og ikkje alt som blir ete, blir utnytta av konsumenten. Ufordøydde restar blir skilde ut som avføring (ekskrement) og kjem etter kvart tilbake til nedbrytarane. Av det som blir utnytta, blir mykje brukt til celleanding, det vil seie forbrenning, og det blir difor ikkje lagra som kroppsmasse som neste ledd i næringskjeda kan utnytte.
Grovt sett kan ein seia at for kvart ledd i næringskjeda eller næringsnettet går om lag 90 prosent av energien «tapt». Det betyr at 1000 kilo planteplankton kan gi omtrent 100 kilo raudåte, som kan gi 10 kilo kril, som kan gi 1 kilo lodde, som igjen kan gi 0,1 kilo torsk.
Om ein reknar i biomasse, får ein difor ein næringspyramide som er breiast nedst (produsentane) og smal øvst (topp-predatorar). Dette set ei øvre grense for kor lange næringskjeder kan vera. Dei fleste næringskjeder er likevel kortare enn det som hadde vore mogleg ut frå eit energisynspunkt (3–4 ledd).
Energitapet oppover i næringskjeda betyr at det frå eit energisynspunkt er mest rasjonelt å skaffe seg mat lengst mogleg ned i næringspyramiden, til dømes ved å ete fisk direkte i staden for å kverne han opp til dyrefôr. Frå dømet ovanfor kan vi seia at ein får meir igjen for å eta 1 kilo lodde enn 0,1 kilo torsk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.