Navaho er eit amerikansk urfolkspråk som høyrer til språkfamilien eyak-athabaskisk. I 2011 hadde cirka 170 000 menneske navaho som førstespråk – meir enn noko anna amerikansk urfolkspråk nord for Mexico. 4 prosent av innbyggjarane i New Mexico snakkar navaho.
Det er undervisning i navaho i skulane i Navaho-nasjonen, men språket har ingen status som offisielt språk. I Arizona og Utah er engelsk offisielt språk. New Mexico har ingen offisielle språk, men de facto er både engelsk og spansk offisielle.
Endonymet for ein navaho-person er diné og for språket diné bizaad. Det delvis sjølvstyrte navahoreservatet på 67 339 km2 er det største urfolkreservatet i USA. Det heiter Diné bikéyah 'Navaho-nasjonen' og ligg i statane Hoozdoh Hahoodzo 'Arizona', Áshįįh Biiʼtó Hahoodzo 'Utah' og Yootó Hahoodzo 'New Mexico'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.