Okerflankeprinia er ein liten sporvefugl i grassongarfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Prinia subflava
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Som vaksen veg fuglen rundt ni gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark, jordbruksland og tørr tropisk skog. Okerflankeprinia lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.
Hekking skjer tre gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.