Jesu oppstode
Oppstoda er eit ynda motiv i kunsten. Rafaels versjon frå 1499–1502 framstiller Kristus som ein sigerherre som viser seg for redde vakter.

Påskedag er den viktigaste høgtidsdagen i kristendommen. Dagen blir feira til minne om Jesu oppstode (oppstandelse). I mange kyrkjesamfunn byrjar feiringa påskenatt, like før midnatt, fordi Jesus ifølgje kristendommen stod opp før soloppgang natt til sundag.

Påskedag er høgdepunktet i påska. Ved overgangen til påskedag er fastetida og den stille veka over, og dagen innleier påsketida i kyrkjeåret, det vil seie dei følgjande femti dagane. Frå gammalt av er dette den største feiringa i kyrkja. Det var vanleg at nye medlemmer blei tekne opp i kyrkja gjennom dåp påskenatt.

Forteljingar i Bibelen

Evangelia i Bibelen fortel om kvinnene som kom til Jesu grav om morgonen den første dagen i veka (sundag). Dei hadde kjøpt duftande olje som dei ville salve Jesus med. Då dei kom til grava, var steinen for gravopninga rulla bort. Ein ung mann i kvit kjortel sa at dei ikkje trong vere redde. Jesus var ikkje der, han var stått opp. Han bad kvinnene gå til disiplane å fortelje det dei hadde opplevd og at Jesus var gått i forvegen til Galilea, der dei skulle få sjå han. Seinare viste den oppstadne seg for disiplane.

Kvar sundag når det er gudsteneste, feirar den kristne kyrkja Jesu oppstode i tru og håp om at livet skal sigre.

Folkelege tradisjonar

Ifølgje norsk folketradisjon var påskedag ein dag til å unne seg god mat igjen etter at fasta var over. Rømmegraut med lefse og kjøtmat til middag var vanleg. Nokre stader hadde ein påskeegg, som hadde status som festmat.

Påskedag var den store høgtidsdagen prega av gudsteneste og kyrkjegang. I eldre tid samla denne dagen fleire til gudsteneste enn noka anna høgtidshelg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg