Proposisjon er forslag til vedtak av Stortinget som regjeringa (Kongen i statsråd) legg fram for Stortinget.
Ein skil mellom lovvedtak og stortingsvedtak.
- Proposisjon til Stortinget (lovvedtak), forkorta Prop. L, inneheld forslag til lovvedtak. Eksempel: Prop. 130 L (2018–2019) – Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven)
- Proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak), forkorta Prop. S, inneheld alle andre forslag. Eksempel: Prop. 121 S (2018–2019) – Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024)
Ein proposisjon kan også innehalde forslag til både lovvedtak og andre stortingsvedtak, og er då forkorta Prop. LS. Eksempel: Prop. 2 LS (2023–2024) – Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.