Psykisk determinisme er ein hypotese om at alle psykiske fenomen har ei årsak, altså at dei ikkje skjer tilfeldig eller ut frå ein anteke fri vilje.
Faktaboks
- Uttale
-
psykisk determinisme
Ei spesiell form for psykisk determinisme finn vi i psykoanalysen som postulerer at ingenting vi gjer er tilfeldig eller meiningslaust. Alle livssituasjonar, val eller mønster som kjenneteiknar livet vårt er resultat av medvitne, men også sterke umedvitne motivasjonar. Eit døme kan vere psykoanalytikaren som analyserer kvifor pasienten stadig kjem for seint til timen. Eit anna er den velkjende analysen av forsnakkingar, forgløymingar og tilsynelatande trivielle ting vi gjer i kvardagslivet som blir omtalt i Sigmund Freuds Zur Psychopathologie des Alltagslebens (1904, norsk omsetjing: Psykopatologien til dagleglivet, 1968).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.