Radioaktiv stråling er ei nemning som ofte blir brukt om alfa-, beta- og gamma-stråling, det vil seie stråling som blir send ut av radioaktive nuklidar ved desintegrasjon.
Nemninga er noko misvisande, då det ikkje er strålinga som er radioaktiv, men atomkjernane som sender ut strålinga. Den fagleg korrekte nemninga er nukleær stråling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.