Stor fuglelusfluge er ein art av tovenger i familien lusfluger. Han er ein utprega generalist som snyltar på mange ulike fugleartar, men særleg sporvefuglar i familiane sumpsongarar, kjerrsongarar og trastar.
Faktaboks
- Også kjend som
- Ornithomyia chloropus, vanlig fuglelusflue
- Vitskapeleg namn
- Ornithomya avicularia
- Beskriven av
- (Linnaeus, 1758)
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
Arten vert òg stundom kalla rypefluge, men dette namnet er misvisande sidan han verken har nokon særskild tilknytnad til rype framfor andre fuglar eller er særskild hyppig på rype.
- Les meir om fuglelusfluger
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.