Savannetopplerke er ein middels stor sporvefugl i lerkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Galerida modesta
- Beskriven av
- Heuglin, 1864
Vaksne hannar veg rundt 22 gram og hofuglane rundt 18 gram.
Arten er knytt til tørr tropisk grasmark, fjellsider og knausar, og jordbruksland. Savannetopplerke lever av virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.