Norges Volleyballforbund har sidan 1967 arrangert landsdekkande seriespel i volleyball i Noreg. Dette er organisert i divisjonar, der hovudserien frå starten var det høgaste nivået for begge kjønn. Frå 1977 var 1. divisjon det høgaste nivået, og i 1991 kom eliteseriane for begge kjønn.
Seriemeistrane har vore kåra på ulike vis, både som vinnarar av ordinær serie og etter å ha vunne sluttspel. I 2024 vart vinnarane av «final four» for siste gong utropt som seriemeistrar i eliteserien. Frå 2025 vart vinnarane av grunnserien kåra til seriemeistrar. Det vart i tillegg innført ei final four-turnering der det vart kåra eigne sluttspelmeistrar.
På herresida er Nyborg per 2024 den mestvinnande klubben i Noreg med totalt ni seriegull. På damesida er Koll den mestvinnande klubben med 14 seriegull.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.