Shafi'i-skulen er ein av de fire variantane av shariaenlovskulane») innanfor sunniislam. Han har namnet sitt frå den rettslærde Muhammad ibn Idris al-Shafi'i (767–820), som verka store delar av livet i Egypt. Shafi'i hadde tidlegare studert både i Irak og Medina, men var misnøgd med rettstenkinga begge stader (sjå hanafi-skulen og maliki-skulen). Han meinte at, ved sida av Koranen, var det profetens eigne handlingar og utsegn (profetens sunna) som måtte vere grunnlaget for lovtolkinga.

Faktaboks

Uttale

shafi-i-skulen

Også kjend som

shafi

I arbeidet med å utforme allmenne lovreglar ut frå desse kjeldene, utvikla han ein metode der analogiske slutningar, qiyas, stod sentralt. I dei følgande to hundreåra vart Shafi'is allmenne metode akseptert også i dei tre andre sunniske lovskulane, i ulike variantar. Men i tillegg samla studentane hans også dei lovtolkingane Shafi'i hadde gjort, og forma dei til ein eigen lovskule som bar namnet hans. Det sentrale verket her, som vart tilskrive Shafi'i sjølv, var al-Risāla.

Shafi'i-skulen fekk utbreiing i Egypt og det sentrale Midtausten og den arabiske halvøya, til dels ved sida av andre lovskular. Det som seinare vart Iran var også dominert av shafi'i-lov, fram til landet på 1500-talet gjekk over til sjiaislam. Men størst utbreiing fekk skulen i områda rundt det Indiske havet: Aust-Afrika, sør-Arabia, sørspissen av India, Malaysia og Indonesia som i dag er mellom dei mest folkerike muslimske områda.

Medan maliki- og hanafi-skulane ofte blir sett på ytterpunkta i mange lovtolkingar (til dømes om domstolen kan oppløyse eit ekteskap mot ektemannens vilje, der maliki-retten seier ja og hanafi-retten nei), tar shafi'i-lova (og også hanbali-lova) oftast eit mellomstandpunkt, i dette tilfellet "ja, men på bestemte vilkår". I dei fleste grunndraga er likevel dei fire lovskulane samstemte.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg