I eksempla ovanfor på at eit ord har fleire stammer, er det ein viss likskap mellom stammene, til dømes med vokalveksling, som i bryt-, braut- og brot- av verbet bryte. Vi kjenner att det samme vekslingsmønsteret ved andre verb, til dømes lyge, skyte, ryke og smyge. I andre tilfelle kan stammene vere heilt forskjellige, og dette fenomenet kallar vi suppletivisme. Eit klart døme er det engelske verbet go, som i preteritum har stamma went:
|
GO |
infinitiv |
go |
preteritum |
went |
perfektum partisipp |
go-ne |
Historisk er went preteritum av verbet wend, som berre har overlevd i det faste uttrykket wend one's way 'ta vegen'.
I norsk er suppletivisme vanlegast ved adjektiv. Jamfør bøyinga av dei to adjektiva fin og liten:
|
FIN |
LITEN |
positiv, eintal, ubunden, maskulinum |
fin |
lit-en |
positiv, eintal, ubunden, femininum |
fin |
lit-a |
positiv, eintal, ubunden, nøytrum |
fin-t |
lit-e |
positiv, eintal, bunden |
fin-e |
vesl-e, litl-e |
positiv, fleirtal |
fin-e |
små(-e) |
komparativ |
fin-are |
mind-re |
superlativ, ubunden |
fin-ast |
min-st |
superlativ, bunden |
fin-ast-e |
min-est |
Mens fin berre har stamma fin-, har liten stammene lit-, vesl-/litl-, små, mind- og min-.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.