Strøklengd er eit mål som er særs brukt om havbølgjer. Strøklengda er den lengda vinden som genererer bølgjene, har blåse over open sjø. Eit område til havs der vinden byggjer opp såkalla vindsjø, slik at bølgjene blir lengre og høgare, har ei lengd i vindretninga og ei breidde på tvers av denne. Lengda kallast strøklengd, medan breidda ikkje har noko namn.
Faktaboks
- Også kjend som
-
stroklengd
engelsk fetch
Bølgjehøgda til vindsjøen veks med strøklengda, men berre opp til ei viss grense som kallast fullt utvikla vindsjø. Dess sterkare vind, dess høgare vindsjø. Varigheita til vinden er òg med på å avgjere kor høg vindsjøen kan bli.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.