Svartnakkemonark er ein liten sporvefugl i monarkfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Hypothymis azurea
- Beskriven av
- (Boddaert, 1783)
Som vaksen veg fuglen rundt tolv gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, tropisk sumpskog, og elvar og bekker. Svartnakkemonark lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.