Svarttopp er ei fleirårig urt i snylterotfamilien. Svarttopp er ein halvparasitt og snyltar på røtene til andre plantar.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Bartsia alpina
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
Svarttopp er ei fleirårig urt i snylterotfamilien. Svarttopp er ein halvparasitt og snyltar på røtene til andre plantar.
Planta vert mellom 10-30 cm høg, og har ein stiv stengel med motsette, mørkegrønne eller fiolette blad. Blomane er svartfiolette og sit i ein aksforma blomestand. Frukta er ein kapsel.
Svarttopp er vanleg i fjellet til 1960 moh., på Vestlandet og i Nord-Noreg veks dei ofte heilt ned til strandkanten.
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Lamiales | leppeblomordenen, leppeblomstordenen |
Familie | Orobanchaceae | snylterotfamilien |
Slekt | Bartsia | svarttoppslekta |
Art | Bartsia alpina | svarttopp |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.