Sylklolerke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 2.0

Sylklolerke er ein middels stor sporvefugl i lerkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chersomanes albofasciata
Beskriven av
(Lafresnaye, 1836)

Vaksne hannar veg rundt 27 gram og hofuglane rundt 23 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk buskmark, og tørr, overfløymd og høgtliggjande tropisk grasmark. Sylklolerke lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Animalia dyreriket
Rekke Chordata ryggstrengdyr
Underrekke Vertebrata ryggradsdyr, virveldyr
Klasse Aves fugler, fuglar
Orden Passeriformes spurvefugler, sporvefuglar
Familie Alaudidae lerkefamilien
Slekt Chersomanes
Art Chersomanes albofasciata sylklolerke

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chersomanes albofasciata
Artsdatabanken-ID
182092
GBIF-ID
2490687

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg