Syrisk er ein austarameisk dialekt som var skriftspråk — kjent som klassisk syrisk — i det kristne Syria og Nord-Mesopotamia frå 200-talet, med sentrum i oldtidsbyen Edessa (no Şanlıurfa i det søraustlege Tyrkia).
Syrisk høyrer til dei semittiske språka. I lag med kanaaneisk og ugarittisk utgjer det den nordvestsemittiske greina av sentralsemittisk.
Byen Edessa (av gresk Édessa Ἔδεσσα) hadde det arameiske namnet 'Ūrhāj [ʔuːrhaːj] ܐܘܪܗܝ, og seinare det tyrkiske namnet Urfa, sidan 1984 Şanlıurfa i Tyrkia). Frå 137 fvt. til 216 evt. var Edessa hovudstad i kongeriket Osroene (gresk Osroēnḗ Ὀσροηνή).
Kring 90 prosent av all kjend arameisk litteratur er skriven på klassisk syrisk, og det meste i perioden frå 100-talet til 1300-talet evt.
Syrisk er først kjent i førkristne innskrifter på mosaikkar og gravsteinar i Edessa frå dei tre første hundreåra evt., i ei språkform som ligg mellom mellomarameisk (200 fvt.–250 evt.) og det seinarameiske klassisk syrisk. Syrisk blei også brukt som administrasjonsspråk i staten Osroene.
På 100-talet blei Det nye testamentet sett om til klassisk syrisk, og på 400-talet følgde Det gamle testamentet. Klassisk syrisk er framleis det liturgiske språket i fleire austlege kyrkjer:
- Den syrisk-ortodokse kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܬܪܝܨܬ ܫܘܒܚܐ ʕedto surjajto trišat šubħo
- Den assyriske kyrkja i aust, ܥܕܬܐ ܕܡܕܢܚܐ ܕܐܬܘܪ̈ܝܐ ʕedto dmadnħa dʔoturoje
- Den kaldeisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܟܠܕܝܬܐ ܩܬܘܠܝܩܝܬܐ ʕedto kaldeto qatoliqajto
- Den syrisk-katolske kyrkja, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܩܬܘܠܝܺܩܝܬܐ ʕedto surjajto qatoliqajto
- Den syrisk-maronittiske kyrkja i Antiokia, ܥܕܬܐ ܣܘܪܝܝܬܐ ܡܪܘܢܝܬܐ ܕܐܢܛܝܘܟܝܐ ʕedto surjajto moronajto dʔanṭiokia
- Tomaskristne i Kerala i Sør-India
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.