Tepperot er ei fleirårig urt i rosefamilien.
Faktaboks
- Også kjend som
- blodrot, teppastoppe, tormentillerot, skittrot, magarot
- Vitskapeleg namn
- Potentilla erecta
- Beskriven av
- (L.) Raeusch.
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
Tepperota er 10–30 centimeter høg, med gule firetalsblomar og trekopla blad. Rota er 1–3 centimeter tjukk og sterkt raud inni i frisk tilstand. Ho inneheld stivelse og opptil 20 prosent garvestoff. Tepperot er vanleg i heile landet.
Tepperot er ei gamal medisinplante, brukt mot diaré, betennelsar, til omslag ved forbrenningar og mange andre sjukdomar.
Kommentarar (3)
skreiv Kamilla Rust
Her har det nok skjedd en forveksling. Bildet som er tegnet er ikke tepperot, men buskmure.
skreiv Sigrid Lauridsen
Tegningen her er ikke tepperot
skreiv Erik Bolstad
Tusen takk! Her hadde det skjedd en feilkopling fra papirleksikonet. Bildet er slettet nå.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.