Allereie i 1920-åra arbeidde Landsforeningen for naturfredning i Norge, i dag Norges Naturvernforbund, og Den Norske Turistforening med å få verna vassdrag mot kraftutbygging. Det offentlege vernearbeidet tok likevel ikkje til før i 1960. Fleire av dei mest kontroversielle enkeltsakene har ikkje blitt vurderte i verneplanane. Dette gjeld mellom anna Aurlandsdalen, Mardøla, Alta–Kautokeino, Breheimen, Hardangervidda (Veig og Dagali), Orkla–Grana og Saltfjellet. Ein viktig milepæl i vassdragsvernet var fredinga av vassdraga Veig og Dagali og skipinga av Hardangervidda nasjonalpark i 1981 trass i konkrete utbyggingsplanar i området.
Heilt fram til 1980-åra blei kvar enkelt konsesjonssak fremja for seg, noko som nesten alltid førte til at verneinteressene leid nederlag. Eit hovudargument for natur- og miljøverninteressene var difor at vassdragsutbygginga skulle gå føre seg etter ein landsplan, der det blei gjennomført nasjonale prioriteringar av kva vassdrag som skal byggjast ut, og kva for nokre av dei som skal vernast. Dette arbeidet kom for alvor i gang etter 1981, og den første Samlet plan for vassdrag blei behandla av Stortinget 1984.
Verneplanane har enkelte veikskapar (svakheiter). For det første er vassdraga berre verna ved vedtak i Stortinget, det vil seia at dei ikkje er verna etter naturvernlova eller naturmangfaldlova. Dette gir eit svakare vern enn det til dømes naturreservata og nasjonalparkane har.
For det andre har vassdraga primært blitt verna mot større kraftutbyggingar. Andre inngrep, inkludert mindre vasskraftanlegg, vassuttak, flaumvern og vegbygging, kan gjennomførast utan at vernereglane i praksis har hindra dette nemneverdig. Dette er sjølv om dei rikspolitiske retningslinjene eksplisitt framhevar andre inngrep enn vasskraft som døme på inngrep som kan skada verneverdiar i vassdrag.
For det tredje har ikkje verneplanarbeidet vore tilstrekkeleg til å sikra vern av dei mest verneverdige vassdraga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.