Osloanorakken er strikka på bestilling, medan rodeogensaren er strikka etter ein surferunde på Instagram, der eg fall pladask for den stilige gensaren.
Oppskrifta på anorakken er Pickles si, som du finn her. Eg brukte Drops Nepal og det gjekk med fire nøster gråbeige-isj og tre nøster rosa i størrelse 1-2 år. Anorakken er fiffig konstruert, med forlenga rygg, raglanfelling med knappestolpe og stor og god hette. Snille mamma sydde i knappar og heimalaga-merke i nakken, så no manglar det berre eit milobad før anorakken er klar til å pakkast inn.
Rodeogensaren er Paelas-jentene sitt verk og oppskrifta finn du her. Til denne brukte eg favorittgarnet mitt, Drops Air. Det gjekk med to nøster i størrelse 1-2 år, altså ei fjørlett og luftig lita sky. Gensaren er strikka frå toppen og ned med aukingar framme og bak, noko som gir ein fin a-fasong. Saman med frynsene og felta der du slepp ned kast, vert dette ein litt annleis, men veldig stilig gensar.
Eit lite hjarte nedst på gensaren pyntar diskre opp. Skya må også få seg eit milobad, slik at frynsene kan pressast lett på plass.
No manglar eg berre å strikka ferdig eit sokkepar, så er alle julegåvene i boks (eller rettare sagt i papir ;-)).