Kirurg er ein lege som er spesialist i sjukdommar på menneske som kan behandlast med kirurgi. Det betyr at kirurgar behandlar sjukdommar og skadar med operasjonar.
Andre typar legar kan òg operere, men då er det stort sett snakk om mindre skadar eller problem i huda. Tannlegar kan operere i munnen. Det er berre kirurgar som utfører større operasjonar.
Legar har mykje ansvar, difor er både «lege» og «spesialist i kirurgi» beskytta titlar. Det betyr at dei som vil jobbe som kirurgar, må ha rett utdanning og bli godkjende av staten, før dei kan få jobb. Kirurgar kan jobbe i det offentlege helsevesenet eller i det private.