Nedertysk er eit språk som blir snakka nord i Tyskland. Det er i slekt med høgtysk, som er språket som blir kalla tysk i dag.
Nedertysk er ikkje så mykje brukt i dag. Dei som snakkar nedertysk skriv som oftast høgtysk. Det blir gjeve ut få aviser og bøker på nedertysk.
Namnet nedertysk kjem av at språket blir brukt i låglandet, som ligg langt nede. Høgtysk vart tidlegare mest brukt i Sør-Tyskland, som ligg høgt over havet.
Nedertysk er det språket som har påverka norsk, svensk og dansk mest.
Mange norske ord er lånord frå tysk. Dei er oftast frå nedertysk og ikkje frå høgtysk. Grunnen til dette er at det var mykje handel mellom desse landa i mellomalderen. Nedertysk blei eit felles språk for dei som dreiv med handel.
Rundt 30–40 prosent av dei norske orda ein brukar til dagleg, kjem frå nedertysk.