Spesialpedagog er ein person som arbeider med barn som treng ekstra tilpassing i skulen eller i barnehagen. Nokre spesialpedagogar har jobb i PPT eller BUP.

Ein pedagog er ein som har utdanna seg i å lære bort ting. Lærarar på skule og i barnehager er pedagogar. Spesialpedagogar har lært meir enn vanlege pedagogar om kva type hjelp elevar med særskilde behov treng.

Spesialpedagogar arbeider saman med andre lærarar og rektor på skulen, for å finne ut kva tilpassing som passar best for kvar elev. Dei kan mellom anna hjelpe til med å finne ut om nokon har ein lærevanske eller ikkje.

Tilpassa opplæring

I skulen skal alle elevar oppleve læring og meistring. Ulike elevar kan trenge ulik type undervisning. Å tilpasse undervisning til ulike behov blir kalla tilpassa opplæring.

Ein elev kan få hjelp i visse fag, eller i alle fag, alt etter kva utfordringar hen har. Dersom nokon har dysleksi, kan dei for eksempel ha kroppsøving som vanleg, men dei treng hjelp i norsk. Dersom nokon er blind, treng hen tilpassing i mange fleire fag.

Elevar som får hjelp

Spesialpedagogar skal hjelpe dei elevane som ikkje lærer så mykje, av vanleg undervisning i full klasse.

«Vanleg undervisning» er ofte undervisning i ei stor gruppe, der læraren snakkar om eit tema, og elevane jobbar med oppgåver.

Dette er nokre grunnar til at ein elev får hjelp hjå ein spesialpedagog:

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Øystein Gilje
professor, Universitetet i Oslo