Stefan Frich stridde for det nynorske målet og for norskdom, m.a. som redaktør av bladet Bonden og gjennom den friskulen han dreiv i nesten 30 år. Han gjorde mykje for å gjere landsmålet heimleg for austlendingane, og har ein vesentleg del av æra for det som vart vunne for målreisinga på Austlandet.
Frich kom frå ei gamal embetsmanns- og offisersslekt. Etter examen artium 1862 studerte han filologi i fleire år, samstundes som han livnærte seg som lærar, m.a. på ein døveskule. Han slutta seg i denne tida til ein krets av unge målstrevarar som arbeidde for ein meir lydrett skrivemåte i landsmålet enn den Ivar Aasen brukte, og sterkare farga av bygdemåla på Austlandet og i Trøndelag. Han og den radikale venen hans, Steinar Schjøtt, som begge hadde raudt hår og skjegg, vart i kretsen kalla “de røde hunde”.
Avgjerande for det vidare livet hans vart talane til Christopher Bruun i Studentersamfundet våren 1870. Frich gav opp universitetsstudiet og drog til Bruuns folkehøgskole på Sel, der han i to år var både elev og lærar. 1873 reiste han til Danmark for å sette seg betre inn i grundtvigiansk skulesyn og skulearbeid, først på Askov folkehøjskole, seinare besøkte han mange friskule- og folkehøgskulefolk. Hausten 1874 starta han sjølv i Fåberg ein “friskule” for barn etter grundtvigianske prinsipp, så langt som mogleg utan lærebøker og lekselesing. I dei første 11 åra dreiv han skulen heilt aleine, seinare med hjelp frå systera Mina. 1880–81 var han borte frå skulen, medan han arbeidde som lærar ved Kuløys folkehøgskole i Nord-Trøndelag. Frich heldt skulen sin gåande i 15 år i hovudsoknet, deretter i 14 år i annekset nærare Lillehammer. Men her tapte han til slutt i konkurransen frå dei vanlege eksamensskolane. Våren 1903 var det slutt.
Trass i all motbør som den nye skuleforma hans kunne møte, særleg fordi han ikkje gav plass til Pontoppidans forklaring, fekk Frich likevel aukande sympati i bygda. Han var medlem av skulestyret i Fåberg 1884–88 og 1890–1916 (formann 1890–93 og 1904–07) og kunne såleis virke for skuleideane sine også innanfor den vanlege folkeskulen. Han var også heradskasserar 1893–1911.
Eit særtrekk ved Frich sin friskule var at han bygde den skriftlege opplæringa av barna på talemålet. Han var sjølv oppvaksen i Stjørdalen og brukte eit austnorsk landsmål. Dette vart for han både eit oppdragarprinsipp og eit målkrav. Begge omsyna vart avgjerande for dei barnebøkene han gav ut, dels originale (Smaafolk, 1908), dels omsette (etter Z. Topelius, Kingsley, Horace Smith). Reint nasjonale interesser låg bak arbeidet hans med sagaomsettingane Laksdøla og Bjørn Hitdølakappe.
Frich kjente også trong til å kjempe for ideane sine. Han var medredaktør av bladet Framgang på Lillehammer 1896–97, og han skreiv ein del innlegg i Den 17de Mai og andre blad. 1906 sendte han ut brosjyren Maalspørsmaalet og det nye Norge. Han styrte Austmannalagets blad Bonden på Lillehammer 1911–21, samstundes med at han lenge var formann i laget. Han samla ei heil rekke av innlegga sine i skule- og målspørsmål i boka Fraa arbeidslive mitt (1922), og 1926 gav han ut brosjyren Eitt einaste riksmaal i lande. Denne siste vekte stor strid, i det den meir konsekvent enn den tidlegare forfattarskapen hans stilte seg på talemålets grunn mot den litterære tradisjonen også i landsmålet.