Jesús Ángel García
Jesús Ángel García Bragado (fødd 17. oktober 1969) er ein spansk friidrettsutøvar frå Madrid som i 1993 vart verdsmeister i 50 kilometer kappgang. Han vann også VM-sølv 1997, 2001, 2009, EM-sølv 2006 og EM-bronse 2002. García deltok 1992-2016 i samtlege sju olympiske sommarleikar, han er den einaste friidrettsutøvaren som har vore med i så mange Sommar-OL.
Jesús Ángel García | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 17. oktober 1969 (55 år) Madrid |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 50 kilometres walk, athletics at the 2000 Summer Olympics – men's 50 kilometres walk, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 50 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 50 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 50 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 50 kilometer kappgang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 50 km kappgang menn |
Aktiv
endreGarcía vart nummer ti i sin internasjonale meisterskapsdebut på 50 km, som fann stad på spansk heimegrunn under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Året etter gjekk han heilt til topps på distansen under verdsmeisterskapen i Stuttgart med tida 3.41.41. Der etter vart han fjerdemann i EM 1994 og femtemann i VM 1995.
To år seinare vann García sølvmedaljen ved VM 1997 i Aten, frågått med 13 sekundar av Robert Korzeniowski frå Polen. Dei neste sesongane klarte ikkje García hevde seg i dei største meisterskapane. Fyrst i 2001 var han tilbake i toppsjiktet på 50 km med sølvplassen under VM 2001 i Edmonton, atter var Korzeniowski hans overmann. I EM 2002 i München måtte García eitt steg ned på sigerspallen til bronseplassen, langt bak Korzeniowski og sølvmedaljør Aleksej Vojevodin frå Russland. Dei neste åra vart García nummer seks i VM 2003 og nummer fem i Sommar-OL 2004.
Etter å ha vorte diskvalifisert under VM 2005, kom han tilbake og vann sølvmedaljen ved EM 2006 bakom den nye meisteren på 50 km, Yohann Diniz frå Frankrike. Under dei olympiske leikane 2008 i Beijing kom García på fjerdeplass, langt bak medaljevinnarane. Etter fullført gange på 50 km ved VM 2009 i Berlin vart han tildelt bronsemedaljen, ein medalje som i 2015 vart omgjort til sølv då den opphavlege vinnaren, Sergej Kirdjapkin, fekk annullert sine prestasjonar frå den aktuelle perioden i 2009.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1992 i Barcelona: Nr 10 – 3.58.03
- VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 3.41.41, framom Valentin Kononen (3.42.02)
- EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 3.45.25
- VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 3.48.05
- OL 1996 i Atlanta: Braut
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 3.44.59, bakom Robert Korzeniowski (3.44.46)
- VM 1999 i Sevilla: Braut
- OL 2000 i Sydney: Nr 12 – 3.49.31
- VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 3.43.07, bakom Robert Korzeniowski (3.42.08)
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 3.44.33
- VM 2003 i Paris: Nr 6 – 3.43.56
- OL 2004 i Aten: Nr 5 – 3.44.42
- VM 2005 i Helsinki: Diskvalifisert
- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 3.42.48, bakom Yohann Diniz (3.41.39)
- VM 2007 i Osaka: Diskvalifisert
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 3.44.08
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 3.41.37, bakom Trond Nymark (3.41.16)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 3.47.56
- VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert
- OL 2012 i London: Nr 17 – 3.48.32
- VM 2013 i Moskva: Nr 12 – 3.46.44
- EM 2014 i Zürich: Nr 8 – 3.45.41
- VM 2015 i Beijing: Nr 9 – 3.46.43
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 20 – 3.54.39
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jesús Ángel García» frå Wikipedia på tysk, den 4. august 2018.