Wim Suurbier
Wilhelmus Lourens Johannes Suurbier, kjend som Wim Suurbier, (16. januar 1945–12. juli 2020) var ein nederlandsk fotballspelar frå Eindhoven. Han var med om å vinne europacupen tre gongar og vart seriemeister sju gongar med Ajax Amsterdam. Med Nederland sitt landslag vann hann to VM-sølv og ein EM-bronse. Høgrebacken Suurbier var både kjapp og uthaldande.
Wim Suurbier | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 16. januar 1945 Eindhoven |
Død | 12. juli 2020 (75 år) Amsterdam |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1978, VM i fotball 1974, EM i fotball 1976 |
Karriere
endreKlubbspel
endreSuurbier debuterte på Ajax sitt fyrstelag då han var 19 år og spelte for klubben i 13 år til 1977. Han spelte fast på det historiske Ajax-laget som stod for den epokegjerande total-fotballen frå kring 1970. Sentralt i dette mannskapet, som vann europacupen for serievinnarar tre år i rad, stod Johan Cruijff. Etter 1977 vandra Suurbier frå klubb til klubb utanlands; Vest-Tyskland, Frankrike, USA og heimlandet.
Landslagsspel
endreFrå 1966 til 1978 deltok Suurbier i 60 landskampar og skåra 3 landslagsmål for Nederland. Han spelte heile VM-finalen 1974 mot Vest-Tyskland, i 1978 kom han på bana som innbytar i VM-finalen mot Argentina. Begge finalane enda med tap for Nederland. I EM i fotball 1976 vann Suurbier og Nederland med 3-2 over Jugoslavia i bronsefinalen.
Merittar
endre- VM-sølv: 1974 og 1978 med Nederland
- EM-bronse: 1976 med Nederland
- Vinnar av Europacupen: 1971, 1972, 1973 for Ajax Amsterdam
- Seriemeister: 1966, 1967, 1968, 1970, 1972, 1973, 1977 for Ajax Amsterdam (7)
- Nasjonal cupmeister: 1967, 1970, 1971, 1972 for Ajax Amsterdam
Kjelder
endre- Denne artikkelenbygger på «Wim Suurbier» frå Wikipedia på tysk, den 10. oktober 2021.
- eu-football