Hopp til innhald

Austen Chamberlain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austen Chamberlain

Fødd16. oktober 1863
Birmingham
Død16. mars 1937 (73 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, statsmann, utanriksminister
Utdanna vedSciences Po
Trinity College i Cambridge
Rugby School
MorHarriet Kenrick
FarJoseph Chamberlain
EktefelleIvy Muriel Dundas
BarnJoseph Chamberlain, Beatrice Chamberlain, Lawrence Chamberlain
Alle verv
  • Storbritannias utenriksminister (1924–1929)
  • Storbritannias finansminister (1903–1905)
  • Secretary of State for India
  • lordseglsbevarer (1921–1922)
  • Medlem av Det kongelige råd
  • First Lord of the Admiralty (1931–1931)
  • Postmaster General (1902–1903)
  • member of the 37th Parliament of the United Kingdom (1935–1937)
  • member of the 36th Parliament of the United Kingdom (1931–1935)
  • medlem av Storbritannias 35. parlament (1929–1931)
  • medlem av Storbritannias 34. parlament (1924–1929)
  • medlem av Storbritannias 33. parlament (1923–1924)
  • medlem av Storbritannias 32. parlament (1922–1923)
  • medlem av Storbritannias 31. parlament (1918–1922)
  • member of the 30th Parliament of the United Kingdom (1910–1914)
  • member of the 30th Parliament of the United Kingdom (1914–1918)
  • member of the 29th Parliament of the United Kingdom (1910–1910)
  • medlem av Storbritannias 28. parlament (1906–1910)
  • medlem av Storbritannias 27. parlament (1900–1906)
  • member of the 26th Parliament of the United Kingdom (1895–1900)
  • medlem av Storbritannias 25. parlament (1892–1895)
  • medlem av Storbritannias 24. parlament (1892–1892)
  • Financial Secretary to the Treasury (1900–1902)
  • leder av Underhuset (1921–1922)
  • Storbritannias finansminister (1919–1921) Sjå dette på Wikidata

Sir Joseph Austen Chamberlain (16. oktober 186317. mars 1937) var ein britisk politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1925.

Austen Chamberlain vart fødd i Birmingham som eldste son til statsmannen Joseph Chamberlain. Han hadde ei eldre syster, men mora døydde i barselseng med Austen. Faren gifte seg opp att fem år seinare, men hadde eit distansert forhold til eldstesonen i lang tid etter dødsfallet. Austen Chamberlain voks opp med fleire halvsysken, m.a. Neville Chamberlain.

Etter college vart Austen sendt til Paris der han studerte politikk, før han reiste vidare for å studera ved universitetet i Berlin. På desse studiereisene fekk han møta fleire store namn i europeisk politikk, m.a. Otto von Bismarck. Han vendte tilbake til Storbritannia i 1888.

Allereie i 1892 vart Chamberlain vald inn som parlamentsmedlem for partiet til faren, Liberal Unionist Party. Då partiet vann valet i 1895 vart han Chamberlain regjeringsmedlem, og vart sitjande fram til 1906, då dei liberale vann valet. Frå 1915 - 1917 var han minister for Britisk India. I 1919 vart han utnemnd til finansminister i koalisjonsregjeringa til Lloyd George og sat til 1921. I denne tida deltok han m.a. i forhandlingane i Den anglo-irske traktaten. I 1924 vart han på nytt statsråd, denne gongen utanriksminister i regjeringa Baldwin fram til 1929. Som utanriksminister freista han å byggja bru mellom Frankrike og Tyskland.

Chamberlain var ein av drivkreftene bak Locarnoavtalen frå 1925. Denne avtalen sikra fred mellom sju europeiske land, og var svært viktig for europeisk samarbeid etter fyrste verdskrigen. Austen Chamberlain vann Nobels fredspris for avtalen i 1925 saman med Charles Gates Dawes, og prisutdelinga for 1926 var også i tilknyting til denne fredsavtalen.

Dei siste åra sine var Austen Chamberlain sterkt oppteken av å åtvara mot eit nasjonalistisk Tyskland. Locarnoavtalen vart diverre også broten utan varsel av nettopp Nazi-Tyskland i 1936. Austen Chamberlain døydde i 1937, 73 år gamal. Ti veker seinare vart halvbroren Neville Chamberlain britisk statsminister.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]