Hopp til innhald

Bruff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruff
by
Elva Morning Star i Bruff.
Land  Irland
Kart
Bruff
52°28′37″N 8°33′00″W / 52.477°N 8.55°W / 52.477; -8.55
Wikimedia Commons: Bruff

Bruff (An Brú[1]) er ein by aust i County Limerick, i midtvesten av Irland. Han ligg ved den gamle vegen mellom Limerick og Cork (R512). Byen ligg ved elva Morning Star, ei bielv til Maigue, med to bruer over i sjølve byen. Den hestekoforma innsjøen Lough Gur ligg i nærleiken. Bruff ligg i eit townland og eit civil parish med same namn.[1]

Det offisielle namnet på irsk er An brú, historisk skrive Brugh. Tidlegare stavemåtar i på engelsk, frå 1200 og seinare, er Brug, Browe og Broff. På grunn av den nære samanhengen med den anglo-normaniske familien de Lacy, blei namnet til byen òg gjengjeve på irsk som Brú an Léisigh. Eit moderne namn for byen, Brú na nDéise, er truleg ei forvrenging av dette namnet som blei vanleg frå byrjinga av 1900-talet.[1]

Troppar i National Army før dei gjekk mot Kilmallock (ca. 25.-29. juli 1922)

Historiske artefakter som er funne i området daterer til steinalderen, og det finst ulike bygningar frå fram til den tidlegaste kristne tida som framleis eksisterer. På 1500-talet blei byen gjeven til familien Standish. Seinare blei han overført til Hartstonge-baronettane, og til slutt til jarlen i Limerick.[2]

Byen såg tunge kampar i Slaget ved Killmallock under den irske borgarkrigen. Nær den katolske kyrkja i Bruff er det ein stor statue av Sean Wall, som var kommandant for den irske republikanske arméen i East Limerick og formann i Limerick County Council fram til han døydde den 6. mai 1921 under sjølvstendekrigen.

  1. 1,0 1,1 1,2 «An Brú/Bruff». Placenames Database of Ireland. Henta 6 October 2017. 
  2. National Library of Ireland Collection List 121 "The Limerick Papers"

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bruff