Hopp til innhald

Det joniske havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. april 2011 kl. 20:16 av TU-nor (diskusjon | bidrag)
Det joniske havet
Det joniske havet, sett frå Kérkyra med fastlandet i Hellas og Albania i bakgrunnen

Det joniske havet (albansk Deti Jon (som tyder «vårt hav»), gresk Ιόνιο Πέλαγος, italiensk Mare Ionio) er ein arm av Middelhavet, sør for Adriaterhavet. Området er avgrensa av dei sørlege områda av Italia, inkludert Calabria, Sicilia og Salento-halvøya i vest, og av Albania, og fleire greske øyar i aust, inkludert Kérkyra, Zákynthos, Kefaloniá, Itháka og Lefkáda. Desse øyane vert kalla Dei joniske øyane. Andre store øyar er mellom anna Strofades, Sfagia, Schiza, Sapientza og Kythira. Havet er eit av dei mest seismisk aktive i verda.

Det går ferjeruter mellom Patras i Hellas og Brindisi og Ancona i Italia i den nordlege delen av havet, i tillegg til skipsfart til Pireus.

Etymologi

Ionius var son av Kong Adrias av Illyria, som gav namn til Adriaterhavet. Det har òg vore sagt at Ionius var son av Dyrrhachus frå byen Dyrrhachium (Epidamnos i antikken, i dag Durrës). Då Dyrrhachus vart angripe av sine eigne brør, fekk han hjelp av Heracles, som reiste gjennom landet. Men under slaget gjorde helten ein feil og drap sonen til Dyrrhachus. Liket vart kasta i havet, og etter dette vart havet kalla Det joniske havet.

Byar

I rekkefølgje frå sør til nord i vest, og så frå nord til sør i aust:

Bukter og sund

Tilløp

I rekkefølgje frå nord til sør