Hopp til innhald

Hard as a Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 30. juni 2023 kl. 17:49 av Frokor (diskusjon | bidrag) (frå en)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hard as a Rock
Singel av AC/DC
frå albumet Ballbreaker
B-side

Caught with Your Pants Down

Utgjeve September 1995
Innspelt 1995
Studio Ocean Way (Los Angeles)
Sjanger Hardrock
Lengd 4:31
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar)
Produsent Rick Rubin
AC/DC-kronologi 
«Big Gun»
(1993)
Hard as a Rock «Hail Caesar»
(1996)


«Hard as a Rock» er ein song og ein singel av det australske hardrockbandet AC/DC. Han kom ut som opningssporet på albumet deira Ballbreaker, gjeve ut i 1995. Han vart deira andre nummer 1-låt på Album Rock Tracks-lista, etter «Big Gun» frå 1993. Liveopptredenar er òg inkluderte på tre av konsert-DVD-ane til AC/DC, No Bull (kor ein lydversjon finst på den australske turnéutgåva av Stiff Upper Lip), Stiff Upper Lip Live og Live at the Circus Crown, som finst i luksusutgåva av 2009-boksen Backtrack. Ein live-versjon som vart spelt inn under Stiff Upper Lip-turneen i 2001 på Stade de France i Paris, finst på DVD-en Plug Me In frå 2007. Han er òg med i filmen Battleship] frå 2012, saman med «Thunderstruck».

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til denne songen vart regissert av David Mallet, og vart spelt inn i Bray Studios i Windsor i Berkshire. Mange fans samla seg for å vera med i denne videoen, og kan sjåast framfor scena, og òg bak gitteret som omgir scena banda spelar på. I videoen ser ein òg gitaristen Angus Young spela på sin Gibson SG på ei rivningkule, som øydelegg ein bygning. Angus Young hadde tidlegare uttalt i dokumentaren at han hadde høgdeskrekk når han gjorde dette. Videoen kan sjåast på DVD-versjonen av No Bull frå 2000 (som òg inneheld dokumentaren om korleis videoen vart laga) og boksettet Backtrack'.

CD-singel
  1. «Hard as a Rock» – 4:30
  2. «Caught with Your Pants Down» – 4:14
7-tommar singel
  1. «Hard as a Rock» (albumversjon) – 4:30
  2. «Caught with Your Pants Down» (albumversjon) – 4:14

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
listee (1995) Plassering
Australia (ARIA Charts)[1] 14
Belgia (Ultratop Vallonia)[1] 30
Finland (Suomen virallinen lista)[1] 1
Frankrike (SNEP)[1] 26
Tyskland (Official German Charts)[2] 25
Irland (IRMA)[3] 28
Nederland (Nederlandsk Topp 40 Tipparade)[4] 16
Nederland (Dutch Single Tip)[5] 7
New Zealand (RIANZ)[1] 16
Noreg (VG-lista)[1] 4
Sverige (Sverigetopplistan)[1] 19
Sveits (Schweizer Hitparade)[1] 28
UK Singles (OCC)[6] 33
US Mainstream Rock Tracks (Billboard)[7] 1
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Hard as a Rock», in various singles charts Lescharts.com (Henta 14. april 2009)
  2. Den tyske singellista Musicline.de (Henta 14. april 2009)
  3. Irish Singles Chart Irishcharts.ie (Henta 14. april 2009)
  4. «AC/DC – Hard As A Rock» (på nederlandsk). top40.nl. Henta 18. juli 2021. 
  5. «AC/DC – HARD AS A ROCK» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 18. juli 2021. 
  6. UK Singles Chart Official Charts Company (Henta 14. april 2009)
  7. Billboard allmusic.com (Henta 14. april 2009)