Országgyűlés
Utsjånad
Országgyűlés | |||
| |||
Virkefelt | Ungarn | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1848 | ||
Hovudkontor | Országház | ||
Jurisdiksjon | Ungarn | ||
Nettside | https://www.parlament.hu/ |
Országgyűlés (ungarsk for 'landsforsamlinga') er nasjonalforsamlinga og den lovgjevande makta i Ungarn. Parlamentet vel både presidenten og statsministeren i landet. Parlamentsbygningen Országház ligg i Budapest ved venstrebreidda av Donau, i bydelen Pest.
Parlamentet har eitt kammer med 199 representantar som sit i ein periode på fire år.[1] 106 representantar blir valde frå einmannskrinsar og 93 frå nasjonale lister.
Ungarn fekk ny valordning før valet i 2014. Før dette hadde parlamentet 386 representantar.[2]
Nasjonalforsamlinga har røter tilbake til den lovgjevande forsamlinga med same namn som verka frå 1290-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Act CCIII of 2011 On the Elections of Members of Parliament». Valloven i Ungarn på nettsida til det nasjonale valkontoret i Ungarn.
- ↑ «Election of the members of Parliament| ved nettsida til Det ungarske parlamentet.
- Denne artikkelen bygger på «Ungarns parlament» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2014.