Papa Stronsay
Papa Stronsay | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°09′N 2°35′W / 59.15°N 2.58°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 0,74 km²
|
Høgaste punkt | 13 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 10 (2001) |
Folketettleik | 7,4 /km² |
Papa Stronsay (norrønt Papey Minni) er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, nordaust for Stronsay. Ho er 74 hektar stor og det høgaste punktet ligg 13 meter over havet.
I følgje segnene skal somme av dei innfødde på øya avstamme frå ein kvinneleg selkie. Dette var fordi dei hadde hornaktig hud på føtene og hendene og alltid lukta fisk.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det ligg restar av to kapell på øya. Det eine er frå 1000-talet og det kan liggje eit piktisk kloster frå 700-talet under det. Andre gamle spor er vardar og ein gravhaug og fleire forlatne gardar.
Ragnvald jarl frå Kirkjuvág (Kirkwall) skal ha kome her litt før jul for å hente malt til julebrygginga.[2] Han vart seinare drepen i ei av kyrkjene på øya i 1046.
Øya er frodig og vart eit senter for sildekonservering på 1700-talet. Ho vart fråreist i 1970-åra. Det har vore eit katolsk klostersamfunn på øya sidan 1999, Golgotha kloster, med base for 25 munkar frå heile verda. Klosteret driv mellom anna gardsdrift på øya.
Geografi og geologi
[endre | endre wikiteksten]Berggrunnen på øya består av gammal raud sandstein.[1]
Ei smal landtunge svingar seg vestover frå hovudhamna på øya og sørover til Point of the Graand (eit lokalt ord som tyder «sandbanke»). Øya er generelt lågtliggande og det høgaste punktet er berre 13 meter over havet.
Det står ei 8 meter høg fyrlykt nordaust på øya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Papa Stronsay» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9