Rundkøyring
Ei rundkøyring er ein måte å organisera trafikk frå fleire vegbanar på. Ordninga går ut på at køyretøy går rundt ei sentralt plassert trafikkøy. Rundkøyringar har større trafikkapasitet og gjev ofte meir flyt i trafikken enn lyskryss. Dei er meir sjølvregulerande enn desse eller trafikkpoliti, og har færre alvorlege ulukker enn andre vegkryss. Rundkøyringar er blitt stadig meir populære sidan andre halvdel av 1900-talet, og finst i mange ulike utformingar.
Skildring
Øya i rundkøyringa kan vera ein teikna runding på bakken, men er vanlegvis noko eller mykje bygd opp slik at ein ikkje kan køyra over. I store rundkøyringar kan øya vera så mykje oppbygd at ein ikkje kan sjå over. Rundkøyringar kan ha eitt eller fleire felt. Nokre stader finst det rundkøyringar som fører inn i og ut av særleg store rundkøyringar.
Trafikkreglar gjeld som vanleg i ei rundkøyring, men blir regulerte til einvegskøyrde forkøyrsvegar gjennom skilting. Køyretøy som skal inn i rundkøyringa har vikeplikt for køyretøy som allereie er inni henne. I rundkøyringar med fleire felt har køyretøyet som skiftar felt vikeplikt for andre. Det er påbode å gje signal (blinklys eller handsignal) når ein skal ut. Ein kan også markera kvar ein skal før ein køyrer inn i rundkøyringa om dette kan vera til hjelp for andre trafikantar.
Bilete
-
Rundkøyring i England markert med måling på bakken.
-
Rundkøyring med fontene i midten i Djakarta.
-
Rundkøyring på New Zealand.
-
Kart over ei rundkøyring med fleire materundkøyringar i Swindon i England, kjend som «The Magic Roundabout».
Kjelder
- «Rundkjøring tar knekken på køen» ved vegvesen.no, 25.06.2009
- Atle Gulbrandsen, Slik kjører du i rundkjøring i klikk.no, 21.09.2008
- Bjørn Engstrøm, «rundkjøring» i snl.no