Statsdumaen i Det russiske keisardømet
Utsjånad
Statsdumaen var ei lovgjevande forsamling i Russland som var verksam mot slutten av Det russiske keisardømet. Statsdumaen vart samla fire gonger, første gongen i 1905 og siste gongen i perioden 1912-1917.
Presset frå den russiske 1905-revolusjonen førte til at ein av ministrane til tsaren, Sergej Witte, den 6. august 1905 skreiv ut ei fråsegn om innkalling av ein statsduma som eit rådgjevande organ. I Oktobermanifestet lova tsaren meir borgarlege rettar, ein representativ statsduma med lovgivande funksjon og makt til å følgja opp utøvinga av desse. Statsdumaen var underhuset i eit parlament der det keisarlege russiske statsrådet var overhuset.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Statsdumaen (Det russiske keiserdømmet)» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Foto frå samling av den første Statsdumaen Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine.