Street-Legal
Street-Legal Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. juni 1978 | |
Innspelt | april 1978 ved Rundown Studios, Santa Monica, CA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 50:18 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Don DeVito | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Bob Dylan-kronologi | ||
Hard Rain (1976) |
Street-Legal | Bob Dylan at Budokan (1979)
|
Street-Legal er det 18. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i juni 1978. Albumet var ei heilt ny musikalsk retning for Dylan, som her nytta eit stort pop-rock-band med kvinnelege koristar for første gong.
Etter suksessen med Blood on the Tracks og Desire vart Street-Legal nok ei gullplate for Dylan, men han nådde berre 11. plassen i USA, og var det første studioalbumet hans som ikkje nådde Topp 10 i heimlandet sidan 1964. I Storbritannia vart det derimot det mestseljande albumet hans og nådde 2. plass på lista.
I 1999 kom albumet ut på ny med ny miks og ny mastering.
Innspeling
Før arbeidet med Street-Legal byrja hadde Dylan gjennomgått fleire personlege endringar. Dylan skilde seg frå kona Sara i juni 1977, som fekk foreldreretten til borna deira. Dylan arbeidde på denne tida framleis med ein film, Renaldo and Clara, som han hadde filma i 1975, men på sommaren tok han seg ein pause frå filmen og reiste til farmen sin i Minnesota i lag med borna og kjærasten Faridi McFree. Der starta han å skrive nye songar, mellom anna «Changing of the Guards», «No Time to Think» og «Where Are You Tonight?». Seks av ni songar som til slutt hamna på Street-Legal vart skriven på den tida.
Skrivinga tok brått slutt den 16. august då nyhenda om at Elvis Presley hadde døydd nådde han. Dylan har sidan forklart at han ikkje snakka med nokon på ei veke etter dette.
Seinare på hausten, vart kampen om foreldreretten trekt til retten då Sara søkte løyve frå retten om å flytte til Hawaii med borna. Dylan planla samstundes ein verdsturne, den første på tolv år. Dylan hadde skrive lite musikk dei siste åra og dei store kostnadane som rettssakene mot kona hadde medført, gjorde at han nærma seg økonomiske problem. Turneen ville deriomt gje han inntekter, så han kjøpte eit gammal tre etasjars hus i Santa Monica i California, som raskt vart ombygd til øvingslokale og studio.
Før øvingane kunne kome i gang, måtte Dylan få tak i eit band, og han tok raskt kontakt med fleire musikarar, mellom andre medlemmer frå Rolling Thunder Revue-turneen, Steven Soles, David Mansfield, Rob Stoner og Howie Wyeth.
Soles, Mansfield, Stoner, Wyeth, pianist Walter Davis, Jr. og perkusjonist Otis Smith kom til California seint i november og tidleg i desember, men Dylan var ikkje klar til å starte øvingane heilt enno, sidan rettsaka ikkje var over enno og han var i ferd med å gje ut filmen Renaldo and Clara'. Til slutt var rettsaka over, og borna måtte vere i California, der Dylan kunne vitje dei. I byte måtte Dylan signere ein avtale om at han aldri skulle møte McFree igjen.
Øvingane starta mot slutten av desember, mellom anna av mange av tidlegare Dylan-songar, som vart omarrangert til ein meir vaksenpop-aktig stil, som var populær på denne tida, med saksofon og kordamer. Det vart gjort mange utskiftingar i personellet fram mot starten på verdsturneen i februar 1978. Turneen kom i gong i Japan den 16. februar 1978 og fekk god kritikk av både publikum og presse. Ein av konsertane vart seinare gjeven ut på Bob Dylan at Budokan, med fleire nye arrangement av gamle Dylan-songar. Turneen enda 1. april i Australia.
Etter turneen starta Dylan å øve inn dei nye songane med turnebandet sitt. Innspelinga tok berre fire dagar og var ferdig i god tid før den europeiske delen tok fatt.
Ettermæle
Street-Legal fekk generelt ikkje god kritikk i heimlandet, medan dei var meir positive i Storbritannia. Mellom anna skreiv Michael Watts frå Melody Maker at albumet var det beste Dylan-albumet sidan John Wesley Harding. Særleg har kritikaren trekt fram produksjonen som dårleg, noko som mellom anna kom av den vesle tida Dylan hadde i turnepausen til innspelinga.
Innhald
Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Changing of the Guards» | 7:04 |
2. | «New Pony» | 4:28 |
3. | «No Time to Think» | 8:19 |
4. | «Baby, Stop Crying» | 5:19 |
5. | «Is Your Love in Vain?» | 4:30 |
6. | «Señor (Tales of Yankee Power)» | 5:42 |
7. | «True Love Tends to Forget» | 4:14 |
8. | «We Better Talk This Over» | 4:04 |
9. | «Where Are You Tonight? (Journey Through Dark Heat)» | 6:16 |
Medverkande
- Bob Dylan – solovokal, rytmegitar
- Ian Wallace – trommer
- Jerry Scheff – bassgitar
- Billy Cross – sologitar
- Alan Pasqua – keyboard
- Bobbye Hall – perkusjon
- Steve Douglas – tenor- og sopransaksofon
- Steven Soles – rytmegitar og korvokal
- David Mansfield – fiolin og mandolin
- Carolyn Dennis – korvokal
- Jo Ann Harris – korvokal
- Helena Springs – korvokal
- Steve Madaio – trompet på «Is Your Love in Vain?»
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Street-Legal (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.