Hopp til innhald

Ås kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ås kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ås
Areal 102,68 km²
 •  land 100,84 km²
 •  vatn 1,84 km²
Folketal 22 005  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Bengt Nøst-Klemmetsen (H)
Kommunenr. 3218
Kart
Ås kommune
59°39′37″N 10°47′01″E / 59.660277777778°N 10.783611111111°E / 59.660277777778; 10.783611111111
Kart som viser Ås kommune.
Kart som viser Ås kommune.
Kart som viser Ås kommune.
Wikimedia Commons: Ås
Nettstad: www.as.kommune.no

Ås er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Vestby, Frogn, Nordre Follo og Indre Østfold. Administrasjonssentrum for kommunen er Ås. Andre tettstadar er Kroer og Vinterbro. Ås kommune er heimkommunen til eine delen av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU, tidlegare UMB og tidlegare Noregs Landbrukshøgskule), medan hin delen ligg på Adamstua i Oslo. I kommunen ligg òg den mest kjende moroparken i Noreg - Tusenfryd.

Universitetet for miljø- og biovitskap

Kommunen har namn etter den låge åsen kyrkja der står på.

Kommunevåpenet viser tre spissruter i sølv, 2–1, på raud bakgrunn. Det viser til arkeologiske funn i kommunen.

Ås har hatt uendra grenser sidan 1838 bortsett frå ei mindre grensejustering mot Frogn i 1969. Kommunen strekkjer seg frå austsida av indre delen av Bunnefjorden og søraustover til Østfold fylke og Hobøl. Kommunen har tre sokn: Kroer, Ås og Nordby.

Det finst sju barneskular og to ungdomsskular i Ås. I tillegg huser kommunen den største vidåregåande skulen i Akershus fylke, Ås vidaregåande.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.