Çatalada
Utsjånad
37°3′10″N 27°12′59″E / 37.05278°N 27.21639°E
Çatalada | |||
øy | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Çatalada 37°00′16″N 27°12′58″E / 37.00447°N 27.216217°E |
Çatalada eller Çatal Ada (tidlegare Volo) er ei tyrkisk øy i Egearhavet, 5 km utanfor landsbyen Turgutreis, vest for Bodrumhalvøya sørvest i Tyrkia. Ho er ei øy med tre kjegleforma åsar og namnet tyder bokstavleg gaffeløya.
Hovudnæringa til øya er turisme, og det er faste båtturar til øya frå fastlandet. Ho er òg ein populær stad for dykking.
Naboøyane er Topan Adası, Çoban Adası og Yassıada.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Çatalada» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2012.