A av Jethro Tull
A Studioalbum av Jethro Tull | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. august 1980 (Storbritannia) 1. september 1980 (USA) | |
Innspelt | 1980 | |
Studio | Maison Rouge Mobile og Maison Rouge Studios i Fulham i London (Storbritannia) | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:30 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Ian Anderson, Robin Black | |
Jethro Tull-kronologi | ||
---|---|---|
Stormwatch (1979) |
A | The Broadsword and the Beast (1982)
|
Singlar frå A | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
A er det 13. studioalbumet til Jethro Tull. Det kom ut 29. august 1980 i Storbritannia og 1. september i USA. Albumet vart spelt inn sommaren 1980 med hjelp av Maison Rouge Mobile og Maison Rouge Studios i Fulham i London. Eddie Jobson var gjesteartist på albumet og spelte tangentinstrument og elektrisk fiolin. Albumet var produsert av Ian Anderson og Robin Black.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]A vart innspelt med tanke på å gje det ut som eit soloalbum for Ian Anderson før plateselskapet til Tull, Chrysalis, bad om at det skulle verte gjeve ut som Jethro Tull for å selje fleire plater. Dette er årsaka til tittelen, sidan lydbanda vart merkte med «A» for «Anderson». Albumet har ein langt meir synthesizer-basert stil, noko mange tilhengjarar mislikte då det kom ut. Det er framleis enkelte folkemusikk-aktige stykke som «The Pine Marten's Jig».
Før innspelinga av A vart det gjort dramatiske endringar i besetninga til Tull frå det førre albumet Stormwatch. Tidlegare klaverspelar John Evan og organist David Palmer fekk i røynda sparken frå gruppa og tidlegare bassist John Glascock døydde under innspelinga av Stormwatch, noko som fekk trommeslagar Barriemore Barlow til å forlate bandet i depresjon. Dei einaste Tull-medlemmane som var att frå Stormwatch var Ian Anderson og Martin Barre. Bassisten Dave Pegg, som spelte på turneen etter Stormwatch, er òg med på A. Anderson hadde i følgje biografen David Rees ikkje planar om å byte ut heile besetninga, sidan A var meint som eit soloalbum, men vart tvungen av Chrysalis Records.[2] Anderson har derimot òg sagt at han ønskte å ta bandet i ei anna retning bort frå folkrock og progressiv rock.[3]
Barriemore Barlow var misnøgd med retninga bandet tok og sa seinare at han hadde kome til å slutte uansett.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ian Anderson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Crossfire» | 3:55 |
2. | «Fylingdale Flyer» | 4:35 |
3. | «Working John, Working Joe» | 5:04 |
4. | «Black Sunday» | 6:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Protect and Survive» | 3:36 |
2. | «Batteries Not Included» | 3:52 |
3. | «Uniform» | 3:34 |
4. | «4.W.D (Low Ratio)» | 3:42 |
5. | «The Pine Marten's Jig» (instrumental) | 3:28 |
6. | «And Further On» | 4:21 |
Dobbeltdiskutgåva frå 2004 inneheld Slipstream som ein bonus-DVD.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jethro Tull
- Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar
- Martin Barre – elektrisk gitar
- Dave Pegg – bassgitar, mandolin
- Mark Craney – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Teknisk
- Robin Black – lydteknikar
- John Shaw – fotografi
- Peter Wagg – kunstnarisk leiar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A (Jethro Tull album)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: