Hopp til innhald

Adelboden

Koordinatar: 46°30′0″N 7°34′0″E / 46.50000°N 7.56667°E / 46.50000; 7.56667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adelboden
Adelboden sett frå Engstligenalp
Adelboden sett frå Engstligenalp
Adelboden sett frå Engstligenalp
Kommunevåpenet til Adelboden
Kommunevåpenet til Adelboden


Plassering
Adelboden is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Frutigen-Niedersimmental
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

88,2 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

3 563
  40,4 /km²
Koordinatar 46°30′0″N 7°34′0″E / 46.50000°N 7.56667°E / 46.50000; 7.56667
Høgd over havet 1350 moh.
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.3715.ch

Adelboden er ein kommune i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har eit areal på 88,2 km og hadde 3563 innbyggarar i 2010. Kommunesenteret ligg 1 350 meter over havet, 35 km sørvest for Interlaken.

Adelboden ligg øvst i dalen Engstligental, og grensar i sør mot kantonen Valais. Heile kommunen ligg over 1 000 meter over havet, fjelltoppane Wildstrubel og Steghorn er over 3 000 moh.

Staden er kjend som eit senter for alpin skisport, fleire gongar har der vore arrangert verdscuprenn i alpint. Skirennarane Frieda Dänzer, Annerösli Zryd, Marlies Oester, Hans Pieren og Adolf Rösti er alle frå Adelboden.

Tysk er offisielt språk i kommunen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Adelboden