Aethia
Aethia | |
Papegøyealke, Aethia psittacula Foto: Art Sowls
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Alkefamilien Alcidae |
Slekt: | Aethia Merrem, 1788 |
Aethia er ei biologisk slekt av fire alkeartar med vide leveområde i nordlege Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, og er blant nokre av de mest talrike sjøfuglane langs kystar av Nord-Amerika.[1] Tre av artane i slekta har samnamnet dvergalke på norsk. Omgrepet 'dvergalke' blir òg brukt om alle fire i slekta og om Ptychoramphus, sotalke.[2] Ettersom dvergalker er kolonihekkarar med reirplass inne i ur og bergsprekker, er dei trua av innvandrande predatorar som fjellrev og brunrotter.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er små sjøfuglar, ca. 15 til 24 centimeter[3] og ca. 85-330 gram i vekt.
Dvergalker er vanlegvis særs sosiale og hekkar i tette koloniar, unnataket er papegøyealker som er meir spreidde.[1] Alle har ei form for ornamentikk i andletet, til dømes fjører ved øyro, store fjørtoppar som hos praktdvergalker og toppdvergalker, og toppdvergalker og praktdvergalke har ein mandarinliknande lukt[1] som kan fungere i partnarval[4] eller til gjenkjenning, men dette krev meir forsking.[5]
Alle Aethia-alker legg eit kvitt egg i ei naturleg bergkløft og rugar i 25-36 dagar.[1] Etter klekking er ungen dels og sjølvhjelpt og blir flygedyktige etter 25-35 dagar.[6] Han er kjønnsmoden etter 3 -5 år.[7] Storleikane på koloniane er svært variable, og spenner frå mindre enn 100 individ til over ein million. Toppdvergalker har tendens til å hekke i større tettleik enn papegøyealker og praktdvergalker.[5]
Dvergalker er hovudsakleg planktonetarar, tar for seg av ei rekkje calanoide hoppekreps, kril og andre virvellause dyr som stormaneter og ribbemaneter.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Aethia-alker har kjende asiatiske koloniar i Kurilane, Kommandørøyane, langs Kamtsjatkahalvøya og Tsjuktsjarhalvøya. I Nord-Amerika finst store koloniar er i Aleutane til Alaskabukta og nord til øyane i Beringhavet.[1]
Dvergalker er mykje stadegne, òg på val av reirplass, sjølv om opptil 33 % av para av flekkdvergalke og toppdvergalke kan vere oppløyste når begge partnarane har overlevd.[1]
Vinterutbreiinga av dvergalker er lite kjent. Flekkdvergalker overvintrar sannsynlegvis nær hekkekoloniane[8] og mange har vore observerte ved Aleutane om vinteren.[9] Dvergalker frå det nordlege Beringhavet må flytte lengjer sør på grunn av pakkis rundt hekkekoloniane i løpet av vinteren.[1]
Vern
[endre | endre wikiteksten]Fordi dei hekkar i ur og bergsprekker, er dvergalker sårbare for predasjon frå rottar,[10] og har vorte utrydda frå nokre øyar der fjellrev er innført for oppdrett.[8][11] Utrydding av rottar frå Rat Island i Aleutane vart avslutta i 2008 og 2009.[12]
Den store kolonien på Sirius Point, øya Kiska, opplevde nesten komplett svikt i hekking i 2001 og 2002 på grunn av rottepredasjon og uroing.[13]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Dvergalker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [15]
- Papegøyealke, Aethia psittacula - 1 - 2 millionar individ i verdspopulasjonen
- Flekkdvergalke, Aethia pusilla - 24 millionar
- Praktdvergalke, Aethia pygmaea - 100 000 - 250 000
- Toppdvergalke, Aethia cristatella - 5 - 10 millionar
Slektstilhøvet mellom artane av verklege dvergalker enno uklåre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Aethia» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gaston, A.J. and Jones, I.L. 1998. The Auks: Alcidae. Oxford University Press, New York.
- ↑ dvergalker. (2012-03-04) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/dvergalker
- ↑ Artsskildringar på nettstaden http://www.planetofbirds.com/
- ↑ Jones, I.L. and Hunter, F.M., 1993. Mutual sexual selection in a monogamous seabird. Nature 362, 238-239.
- ↑ 5,0 5,1 Byrd, G.V., Renner, H.M. and Renner, M. 2005. Distribution patterns and population trends of breeding seabirds in the Aleutian Islands. Fisheries Oceanography 14:139-159.
- ↑ Ydenberg, R.C. 1989. Growth-mortality trade-offs and the evolution of juvenile life histories in the Alcidae. Ecology 70:1494-1506.
- ↑ Jones, I.L., Hunter, F.M., Robertson, G.J., Williams, J.C. and Byrd, G.V. 2007. Covariation among demographic and climate parameters in Whiskered Auklets Aethia pygmaea. Journal of Avian Biology 38:450-461.
- ↑ 8,0 8,1 Williams, J.C., Byrd, G.V. and Konyukhov, N.B. 2003. Whiskered Auklets Aethia pygmaea, foxes, humans and how to right a wrong. Marine Ornithology 31:175-180.
- ↑ Murie, O.J. 1959. Fauna of the Aleutian Islands and Alaska Peninsula. North American Fauna 61:1-364.
- ↑ Atkinson, I.A.E. 1985. The spread of commensal species of Rattus to oceanic islands and their effects on island avifaunas. In Moors, P.J. (eds.). 1985. Conservation of Island Birds. ICBP Technical Publication No. 3, Cambridge.
- ↑ Bailey, E.P. 1993. Introduction of foxes to Alaskan islands - history, effects on avifauna, and eradication. Fish and Wildlife Series Resource Publication 193. United States Department of the Interior, Fish and Wildlife Sercice, Washington, DC.
- ↑ U.S. Fish & Wildlife Service. 2007. Restoring wildlife habitat on Rat Island. Environmental Assessment, Alaska Maritime National Wildlife Refuge, Anchorage AK. 141pp
- ↑ Major, H.L., Jones, I.L., Byrd, G.V. and Williams, J.C. 2006. Assessing the effects of introduced Norway rats (Rattus norvegicus) on survival and productivity of Least Auklets (Aethia pusilla). Auk 123:681-694.
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)