Aiguille des Grands Charmoz
Utsjånad
Aiguille des Grands Charmoz | |||
fjell | |||
Aiguille des Grands Charmoz til venstre, med Aiguille du Grépon til høgre, sett frå Chamonix
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Mont Blanc-massivet | ||
Høgd | 3 445 moh. | ||
Førstestiging | 9. august 1885 | ||
Koordinatar | 45°54′16″N 6°55′8″E / 45.90444°N 6.91889°E | ||
Aiguille des Grands Charmoz 45°54′16″N 6°55′08″E / 45.904444444444°N 6.9188888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Aiguille des Grands Charmoz |
Aiguille des Grands Charmoz er eit 3 445 m høgt fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane. Fjelltoppen ligg på same fjellegga som grannetoppen Aiguille du Grépon.
Ei gruppe på seks franske klatrarar; H. Dunod og P. Vignon, saman med fjellførarane François Simond, F. Folliguet, G. Simond og J. Desailloux, nådde toppen den 9. august 1885.
Nordveggen på fjellet er ein av dei vanskelegaste fjellveggane i Alpane. Denne vart fyrste gongen klatra til topps av tyskarane Willo Welzenbach og Willy Merkl. Dei la ut faste tog i nedre del av fjellveggen den 30. juni og 1. juli 1931, for så å ta oppatt klatringa den 4. juli. Den 9. juli nådde dei til topps.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aiguille des Grands Charmoz» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2013.