Hopp til innhald

Akinori Nakayama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akinori Nakayama


Statsborgarskap Japan
Fødd 1. mars 1943 (81 år)
Nagoya
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's rings

Akinori Nakayama (fødd 1. mars 1943) er ein japansk tidlegare turnar frå Nagoya. I perioden 1966-72 vann han sju gullmedaljar i verdsmeisterskap og seks gullmedaljar i olympiske sommarleikar.

Nakayama vann i 1965 mangekampen ved universiaden. Året etter sanka han seks medaljar i Turn-VM 1966; tok gullmedaljar i lagtevlinga, frittståande og svingstang. To år seinare vann han fire gull-, eitt sølv- og ein bronsemedalje under Sommar-OL 1968, og vart såleis den mestvinnande mannlege utøvaren i leikane. I Turn-VM 1970 vann han fire fleire gullmedaljar: i lagtevlinga, frittståande, ringar og skranke. Til sist sikra han seg fire medaljar under Sommar-OL 1972. Då vart han samstundes den fyrste turnaren som forsvarte ein OL-tittel i ringar. Einast Albert Azarjan har gjort han det etter.

Nakayama var japansk meister i mangekamp i 1967, 1968, 1970 og 1971.

Seinare var Nakayama styremedlem i Japans turnforbund, ei tid nestleiar.