Aleksej Sjtjusev
Aleksej Sjtjusev | |
Verkeleg namn | Алексе́й Ви́кторович Щу́сев |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 8. oktober 1873 Chişinău |
Død | |
Yrke | arkitekt, konservator, kurator, kunsthistorikar, kunstteoretiker, pedagog |
Språk | russisk |
Medlem av | Det russiske vitskapsakademiet, Det sovjetiske vitskapsakademiet, Det keiserlige russiske arkeologiske selskap |
Aleksej Sjtjusev på Commons |
Aleksej Viktorovitj Sjtjusev (8. oktober 1873–24. mai 1949) var ein russisk arkitekt. Han teikna mellom anna Leninmausoleet (1924).
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Sjtjusev var fødd i Chișinău. Han studerte under Leon Benois og Ilja Repin ved Sankt Petersburgs kunstakademi 1891-1897. Sjtjusev utvikla stor interesse for historisk russisk kunst, og vann ry for restaureringa si av Vasilijkyrkja frå 1100-talet i Ovrutj i Ukraina. Han arbeidde sidan med moskovittisk 1400-talsarkitektur, blant anna Treeiningsdomkytkja i Potjajevskaja Lavra i Ukraina. Han fekk i oppdrag av tsarfamilien å utforma ei domkyrkje for Marfo-Mariinskijklosteret i Moskva, noko som resulterte i ein bygning i mellomaldersk Novgorod-stil.
I 1913 byrja Sjtjusev sitt største prosjekt. Han deltog og vann arkitekttevlinga for å utforma jernbanestasjonen Kazanskij. Denne jugendbygningen blandar element frå Kremltårna med tradisjonell tatararkitektur.
Etter ei kort tid der han eksperimenterte med nyklassisisme gjekk Sjtjusev over til konstruktivismen på 1920-talet. Då Lenin døydde i 1924 blei han beden om å utforma eit mausoleum for han. Sjtjusev teikna Leninmausoleet i ein stil som samanførte konstruktivistiske element med innslag frå historiske mausoleum, som Djoser-pyramiden og gravmonumentet i Pasargad.
Etter mausoleumskommissjonen fekk Sjtjusev gode kår av dei kommunistiska styresmaktene. Han blei utnemnd til leiar for Tretjakovgalleriet i 1926, og til leiar for gruppa som utforma store bruer og leilegheitskompleks i Moskva. Blant dei viktigaste bygningane han formgav på 1930- og 1940-talet er Hotell Moskva ved Manegetorget og NKVD sitt hovudkontor ved Lubjankatorget.
Sjtjusev blei tildelt Stalinprisen i 1941, 1946, 1948 og posthumt i 1952.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aleksej Sjtjusev» frå Wikipedia på svensk, den 30. september 2019.