Allahu akbar
- For den libyske nasjonalsongen, sjå songen Allahu akbar.
Allahu akbar (ar. الله أكبر) er eit arabisk uttrykk som tyder ‘Gud er størst/større’ men blir ofte omsett til ‘Gud er stor’. Frasen blir kalla takbir på arabisk. Han er eit viktig muslimsk uttrykk og symbol som blir brukt i formelle og uformelle situasjonar.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]«Allahu akbar» blir sagt av muslimar før bøner og av muezzinane i bønerop. Det er også ei utsegn som kan brukast i samband det talaren reknar som gode eller dårlege hendingar, til dømes krig, terrorhandlingar,[1] ulukker[2] eller avverging av ulukker,[3] ved opptredenar[4] eller idrettshendingar som fotballkampar[5]. Samstundes vakter strenge muslimar seg for å seia omgrepet ein urein stad, som på do eller ved ei søppelfylling.[4]
Omgrepet blir ofte utført i arabisk kalligrafi og har vore brukt på ei rekkje flagg gjennom tidene. I dag (2011) finst det på det afghanske, det irakiske og det iranske flagget. Under Den iranske revolusjonen i 1979 var «Allahu akbar» eit viktig protestsymbol som blei ropt frå hustaka om kveldane. Det vende tilbake som protestrop i samband med det omstridde presidentvalet i landet i 2009.
-
Det irakiske flagget med stilisert kufisk kalligrafi.
-
Det iranske flagget har kvite border der det står «Allahu akbar» i kufisk kalligrafi 22 gonger.
-
Flagget til Waziristan-rørsla i Pakistan på 1930-talet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Takbir» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2011.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «- Ropte «Allahu akbar!» før han skjøt», nrk.no, 03.03.2011
- ↑ Laurinda Keys, «Indonesian Pilot Was Confused Before Crash», Seattle Times, September 29, 1997
- ↑ Etter eit mislukka forsøk på å bestiga K2 i Pakistan blei ein utsvolta Greg Mortenson helsa av beraren sin med «Allah Akbhar! Blessings to Allah you're alive!», ifølgje Mortenson, Greg, and Relin, David Oliver, ''Three cups of tea: one man's mission to fight terrorism and build nations—one school at a time'', p. 20, ISBN 0-670-03482-7. Viking. 2006. Henta May 8, 2011.
- ↑ 4,0 4,1 Daniel Engber, «God Is Still Great!», Slate Magazine, Sept. 12, 2006
- ↑ «- Allahu akbar!», muslimprosjektet, 30. april 2010