An American Prayer
An American Prayer Studioalbum av Jim Morrison & The Doors | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. november 1978 | |
Innspelt | Mars 1969 og desember 1970 (opplesing) 1978 (musikk) | |
Sjanger | Psykedelisk rock, opplesing, dikt, funkrock, musique concrète | |
Lengd | 38:28 | |
Selskap | Elektra/Asylum Records (1978 LP) Rhino (1995 CD)[1] | |
Produsent | John Haeny, Ray Manzarek, Robby Krieger, John Densmore, Frank Lisciandro | |
Jim Morrison & The Doors-kronologi | ||
---|---|---|
Full Circle (1972) |
An American Prayer | Greatest Hits (1980)
|
An American Prayer er det niande og siste studioalbumet til The Doors.[2] I 1978, sju år etter vokalisten Jim Morrison døydde og fem år etter resten av bandet vart oppløyst, kom Ray Manzarek, Robby Krieger og John Densmore saman att og spelte inn akkompagnementet for fleire av dikta til Morrison (opphavleg spelt inn i 1969 og 1970). Andre musikkstykke og vokal innspelt av The Doors og Morrison vart nytta på albumet, som dialogen frå Morrison-filmen HWY: An American Pastoral og klipp frå jammar.
Albumet inneheld òg ein samansett konsertversjon av «Roadhouse Blues», sett saman av opptak frå Felt Forum i New York City og Cobo Hall i Detroit, som begge vart spelte inn under Roadhouse Blues-turneen deira i 1970. Denne versjonen av songen kom òg seinare ut på samleplata In Concert.
Utgjeving og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Christgau's Record Guide | C[4] |
MusicHound Rock | 2/5[5] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Trass i at albumet selde til platinaplate i USA, fekk det middels kritikk og deler framleis kritikarane. Då albumet først kom ut kalla den mangeårige Doors-produsenten Paul A. Rothchild albumet «ei valdtekt av Jim Morrison.»[7] Rothchild hevda at han hadde høyrd alle diktopptaka til Morrison frå 1969 og 1970 og insisterte på at dei tre attverande Doors-medlemmane mislukkast i å realisere kva musikk Morrison opphavleg hadde meint for dikta. Før han drog til Paris, hadde Morrison møtt komponisten Lalo Schifrin for eit mogeleg bidrag til musikken for dikta, utan at dei andre medlemmane i Doors var meint å delta. I tillegg hadde han utvikla eit konsept for eit plateomslag i januar 1971 i lag med kunstnaren T.E. Breitenbach i form av ein tredelt altartavle. John Haeny, som spelte inn diktopplesinga til Morrison i 1970 og tok vare på dei fram til An American Prayer meinte at albumet «var laga av dei som stod nærast til Jim, både personleg og kunstnarisk» og «alle hadde dei beste intensjonane. Jim hadde vore nøgd. Jim hadde ville forstått motivasjonen vår og sett pris på engasjementet vårt og den hjartelege behandlinga av verka hans.»[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Dikt, tekst og historier av Jim Morrison; musikk av Ray Manzarek, Robby Krieger og John Densmore.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Awake» | 0:36 |
2. | «Ghost Song» | 4:13 |
3. | «Dawn's Highway / Newborn Awakening» | 3:48 |
4. | «To Come of Age» | 1:02 |
5. | «Black Polished Chrome / Latino Chrome» | 3:22 |
6. | «Angels and Sailors / Stoned Immaculate» | 4:20 |
7. | «The Movie» | 1:36 |
8. | «Curses, Invocations» | 1:58 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «American Night» | 0:29 |
10. | «Roadhouse Blues [Live]» | 6:59 |
11. | «Lament» | 2:19 |
12. | «The Hitchhiker» | 2:16 |
13. | «An American Prayer» | 6:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
21. | «Babylon Fading» | 1:40 |
22. | «Bird of Prey» | 1:03 |
23. | «The Ghost Song» (lang versjon, inneheld eit løynd opptak av ei diktopplesing heilt på slutten) | 5:16 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jim Morrison – Vokal (innspelt 1970)
The Doors
[endre | endre wikiteksten]- John Densmore – trommer
- Robby Krieger – gitar
- Ray Manzarek – Klaverinstrument
- Andre medverkande
- Arthur Barrow – synthesizerprogrammering på «The Movie»
- Reinol Andino – perkusjon
- Bob Glaub – bass på «Albinoni – Adagio»
- Jerry Scheff – bass
- Teknisk
- Produsentar – John Haeny, Ray Manzarek, Robby Krieger, John Densmore, Frank Lisciandro
- Assisterande produsent – Paul Black
- Lydteknikarar – John Haeny, Paul Black, Bruce Botnick, Cheech d'Amico, Paul Ferrara, Ron Garrett, Babe Hill, James Ledner, Frank Lisciandro, Rik Pekkonen, Fritz Richmond, Dr. Thomas G. Stockham, John Weaver
- Assisterande lydteknikar – Paul Black
- Mastering – Ken Perry, Bernie Grundman
- Ommastering – Bruce Botnick, Paul Rothchild
- Kunstnarisk leiar – Ron Coro, Johnny Lee, John Van Hamersveld
- Illustrasjonar – Jim Morrison
- Fotografi – Joel Brodsky, Paul Ferrara, Art Kane, Edmund Teske, Frank Lisciandro
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Pop Albums | 54 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1978 | «Ghost Song» Promotional Singles | Pop Singles | |
1979 | «Roadhouse Blues» (live) B-side: «Albinoni's Adagio in G Minor (The Severed Garden)» |
Pop Singles |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[9] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «An American Prayer» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «L.A. Woman 40th Anniversary Editions». The Doors. Henta 3. august 2019.
- ↑ «An American Prayer - Jim Morrison». 20. mai 1995 – via Amazon.
- ↑ AllMusic review
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 3. august 2019.
- ↑ «Bam Interview - Paul Rothchild». archives.waiting-forthe-sun.net.
- ↑ «The Making of Jim Morrision's «An American Prayer» - johnhaeny.com». johnhaeny.com.
- ↑ «American album salstrofé – The Doors – An American Prayer». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH