Andreas Angel Holdø
Andreas Angel Holdø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. august 1879 Hadsel |
Død |
26. juli 1945 (65 år) |
Yrke | politikar, fiskar, bonde, bedriftsleiar |
Politisk parti | Høgre, Frisindede Venstre |
Andreas Angel Hansson Holdø (15. august 1879–26. juli 1945) var ein norsk fiskar, skipper, gardbrukar og disponent frå Hadsel. Han møtte frå Nordland fylke på Stortinget periodane i åra 1922-27 og 1931-33. Holdø representerte Frisinna Venstre til 1927, sidan partiet Høgre.
Holdø var son til ein gardbrukar og fiskar. Allereie frå åtteårsalderen deltok han med far sin i Lofot-fisket. Kring 1899-1900 gjekk han skipperskule. Frå 1900 dreiv han fiske frå eiga skøyte som han også førte. I 1902 vart han skipper på fiskedampskip, dreiv på felt langs norskekysten frå Lindesnes til russegrensa, ved Island og til dels England.
I 1908 fekk Holdø stipend, så han kunne studere snurpenotfiske ved kysten av Sverige. Frå 1911 var han leiar av eit firma som produserte sildolje, og frå same året disponerte han firmaet sin fabrikk i Akureyri på Island.
I tillegg til fiskeriverksemda, dreiv Holdø frå 1904 også eit småbruk i Hadsel. På 1930-talet kjøpte han garden Husby på Hadseløya og dreiv det gardsbruket til han døydde.
Perioden 1922-24 var Holdø fyrste varamenn til Stortinget, vald for Frisinna Venstre. Alle tre sesjonane møtte han i lengre periodar i staden for den valde representanten, Høgre-mannen Mathias Skaar. Holdø hadde fast plass på Stortinget 1925-27, og som i 1922-24 med sete i Næringskomite nr 1. Han lukkast ikkje å verte attvald hausten 1927, men kom innatt på Stortinget 1931-33. Då var han derimot Høgre-representant, og medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2017-04-09 ved Wayback Machine.