Hopp til innhald

Anne Karin Elstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Karin Elstad

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1938
Valsøyfjord
Død

4. april 2012 (74 år)
Oslo

Yrke Forfattar, lærar
Periode 1976-2006
Debut Folket på Innhaug
Nettstad elstadsamlinga.no

Anne Karin Elstad (fødd 19. januar 1938 i Valsøyfjord, død 4. april 2012 i Oslo)[1] var ein norsk forfattar.

Elstad var utdanna lærar, og jobba i yrket i mange år før ho vart forfattar på heiltid. Ho debuterte som forfattar i 1976 med romanen Folket på Innhaug, som er den fyrste av fire romanar i den populære serien om Innhaug-folket. Dei tre andre titlane er Magret (1977), Nytt rotfeste (1979]) og Veiene møtes (1980).

Elstad er også kjent for trilogien om Julie. Den fyrste var Julie (1993), som vart etterfylgd av Som dine dager er (1995), Lenker (1998) og Fri (2000). Romanen Odel (2003), var ei av dei mest selde bøkene i det året ho kom ut.

Ho fekk ei rekkje prisar for bøkene sine.

Anne Karin Elstad sat i styret for Den norske Forfatterforening frå 1983 til 1987.

  • Folket på Innhaug (1976)
  • Magret (1977)
  • Nytt rotfeste (1979)
  • Veiene møtes (1980)
  • Senere, Lena (1982)
  • Sitt eget liv (1983)
  • - for dagene er onde (1985)
  • Maria, Maria (1988)
  • Eg helsar deg, Nordmøre (1989)
  • Julie (1993)
  • Som dine dager er (1995)
  • Lenker (1998)
  • Fri (2000)
  • Odel (2003)
  • Hjem (2006)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Marie Melgård (5. april 2012). ««Anne Karin Elstad (74) er død»». aftenposten.no. Henta 4. april 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]