Antrim
Utsjånad
- For det britiske krigsskipet med same namn, sjå HMS «Antrim».
Antrim | |||
by | |||
Land | Nord-Irland | ||
---|---|---|---|
Region | Grevskapet Antrim | ||
Folketal | 19 986 (2001) | ||
Antrim 54°43′02″N 6°12′20″W / 54.7173°N 6.2055°W | |||
Wikimedia Commons: Antrim, County Antrim |
Antrim er ein liten by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Han er administrasjonssenter for distriktet Antrim. Her ligg Kilroot kraftverk, som er eit varmekraftverk og det viktigaste og kraftigaste i heile Nord-Irland.
I 1649 vart byen brent ned av general Monro.
Byen stod imot angrep frå United Irishmen under det irske opprøret i 1798. Eit 27 m høgt, rundt tårn er alt som står igjen av eit kloster frå 900-talet. Veggene er over ein meter tjukke, og sammenhalde med datering av tårnet tyder dette på at det vart bygd som ein tilfluktstad under vikingangrep.
Misjonæren og forfattaren Alexander Irvine (1863–1941) voks opp i Antrim. Huset han budde i ligg i ei smal sidegate til hovudgata, og er merkt med ein blå plakett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antrim» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2017.