Apofyllitt
Utsjånad
Apofyllitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fyllosilikat | ||
Kjemisk formel | (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Uvanleg kvit, fargelaus; òg blå, grøn, brun, gul, rosa, fiolett | ||
Krystallform | prismatisk, søyleforma, massiv | ||
Krystallsystem | Tetragonal; (Apofyllitt-(NaF) er ortorombisk) | ||
Kløyv | perfekt på [001] | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 4.5 - 5 | ||
Glans | glasaktig; perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.3 – 2.4 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | 1.536 | ||
Pleokroisme | Dikroisk (fargelaus) | ||
Kjelder | [1] |
Apofyllitt er eit fellesnamn for minerala hydroksyapofyllitt og fluorapofyllitt. Dei er begge kvite eller svakt farga mineral med perlemorglans. Fluorapofyllitt er det vanlegaste av desse, og kan opptre i vene tetragonale krystall på sprekkar og holrom i lavaer og andre bergartar, ofte saman med zeolittar.
I Noreg er dei kjent frå kontaktsonene i Oslofeltet, Kongsberg, Arendal, Sulitjelma og andre stader. Den kjemiske samansetnaden er (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O. Hydroksyapofyllitt er særs sjeldan, og i Noreg kjent frå gruvene i Mofjellet ved Mo i Rana.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Apofyllitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 13. februar 2014.